Innlegg

Munnleg historie og forteljekunst

Bilde
 Kari Thorkildsen er ein av veteranane i forteljarmiljøet i Bergen. Ho er best kjend som krumtapp i fagmiljøet innan drama- og forteljekunst på Høgskulen på Vestlandet. Men før ho hamna der, hadde ho ei lang karriere innan barnehage og drama for born. Og før det igjen var ho ein del av den norske og bergenske industrihistoria, med fagutdanning i søm og teknisk vidareopplæring som arbeidsleiar i konferksjonsfabrikken Varden i Marken, Bergen.  Det var eit munnleg historie intervju med Bjørn Enes, som "utarta" til diskusjonen vi har klipt ut nedanfor. Enes er ein av veteranane innan munnleg historie i Bergen. Det var han som i si tid tok initiativet til Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Før det, hadde han ei lang karriere som journalist. Og før det igjen, var også han industriarbeidar. Så dei to hadde mange kontaktpunkt: Ikkje minst den felles interessa for forteljekunst og for korleis dei to fagfelta heng saman:  https://vimeo.com/759911651    

Vestland - kulturpolitisk høyring

Bilde
 Vestland - Høyring om “Regional plan for idrett, kultur og frivilligheit” Høyringssvar frå Bjørn Enes Planutkastet som er sendt ut på høyring er eit svært godt utgangspunkt for debatt og vidareutvikling.   Det gir høve til å “løfte blikket” og sjå fylket og regionen si utvikling i eit meir langsiktig perspektiv enn det er høve til i det daglege arbeidet. Etter mitt syn treng Vestland generelt og ei rekke kommunar og lokalmiljø særskilt å tydeleggjere innhaldet i setninga “Vestland er eit sterkt kulturfylke som i nasjonal målestokk representerer eit andre tyngdepunkt.” (henta frå Del 1 - pkt 3.4 - “Nasjonal pådrivar for kulturpolitikken”). Dette gjeld i heilt særskilt grad på området immateriell kultur. Gunnstein Akselberg fortel på Jakob Sande senter for forteljekunst Definisjonsmakt. Omgrepet immateriell kultur   har i praksis fått ein mykje smalare definisjon i norsk kulturpolitisk debatt enn det som vart skissert opp i konvensjonen som skapte omgrepet, UNE...

Skal markere 24/2 med tverrfagleg sceneprosjekt.

Bilde
Munnleg historie, forteljekunst og borgarsceneproduksjon  Den 24 februar 2023 er det eitt år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. Bergen Borgerscene, Forteljar Bjørn Enes og Den ukrainske foreningen i Bergen  har innleidd samarbeid om å markere eittårsdagen med ein sceneproduksjon basert på forteljingane til ukrainske flyktningar. Produksjonen skal foregå både på ukrainsk, russisk og norsk.  Arbeidstittel: “Krigsmødrene”   13 år etter avdukinga av Per Ungs statue “Krigsmoderen”, har Vestland igjen fått ei stor gruppe krigsmødre. Denne gongen må det ikkje ta like lang tid før dei kjem til orde!  24. februar 2022: Krig i Europa. Sjokk over kva som hender. Flyktningar kjem. Alle vil hjelpe.  Tida går. Krigsmeldingane forsvinn frå fyrstesidene. Straumprisane stig. Det kjem motstemmer i media.  Ingen veit korleis dette året blir. Men midt i blant oss lever kvinner i krigen. Ei får dødsbodskap. Ei får melding om ein lemlesta mann, far, son. Ei h...

Om denne bloggen

Denne bloggen blei oppretta 1. september 2022 av Bjørn Enes,  frilans minnesamlar, forteljar og skribent, (tidlegare dagleg leiar av   Memoar ). Ideen er å bygge opp ein fagblogg om munnleg historie og forteljekunst, for å å styrke denne delen fagmiljøa innen den immateriell kulturen.   Send meg ein epost om du har lyst å vere med å utvikle idéen - bjorn@forteljaren.no  

Eit senter for munnleg historie, forteljekunst og språk

Bilde
 Det var framsynt av Bergen Bystyre å setje eit “nasjonalt senter for immateriell kulturarv” inn i sin strategi for musé og frivillig kulturvern, hausten 2021. Men skal det lukkast, bør ambisjonen spissast. For det finst frå før minst to slike nasjonale sentra.  Av Bjørn Enes og Aslak Moe  Bildet: UNESCO har anerkjent slam-poesi som ein del av Tysklands immaterielle kulturarv. Her: Tobi Heyel. Foto: UNESCO. I 2003 bestemte UNESCO at den gamle verdsarvlista over imponerande murar, tempel og slott, skulle supplerast med ei tilsvarande liste over “intangible world heritage”.  I artikkel 2 konkretiserte dei kva dette skulle handle om:  (a) munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som berar av uhandgripeleg kulturarv. (b) utøvande kunst (c) sosiale  praksisar, ritual og feiringar  (d) kunnskap og praktiseringar som handlar om naturen og universet  (e) tradisjonshandverk.  To område er komne langt i Noreg Noreg slutta seg til konvensjonen om...