Innlegg

Lena Teir er ny kunstnarisk leiar av Fortellerfestivalen

Bilde
Fortellerfestivalen melder 22. februar -23 av  LINA TEIR tek over som  kunstnarisk leiar for festivalen i neste åremålsperiode (2023-2026). Ho avløyser Aslak Moe etter årets festival, men ho startar i jobben alt i mars. Lina kjem til å vere til stade på årets festival, og skal mellom anna ta del i i ein oppsummerande samtale med Aslak og ein ekstern gjest under arrangementet  Festivalkritikk , søndag 26. mars kl 19 på Melahuset. Lina Teir kjem inn i en organisasjon i vekst. Stiftelsen har endra vedtektene for å kunne gi rom for meir aktivitet gjennom heile året, både med såkalla anvendt fortelling og som kompetansesenter for munnlege forteljarar. Stiftinga har derfor endra namn til Stiftelsen Fortellersentrum - Fortellerfestivalen . Planen er å auke aktivitetsnivået gradvis og i tråd med ressursane. Stiftinga ser fram til nye samarbeid og nye prosjekter, i tillegg til fantastiske festivalar, i tida som kjem.  Stiftinga melder vidare:  Bli kjent med vår nye kunsteriske leder Lina Tei

"Fortellermønstring" - og -festival i Oslo 23-26. mars

Bilde
Det går mot ny Fortellerfestival i Oslo. Noko av det mest spennande er det faglege utviklingsarbeidet - og høgdepunktet må vere "Fortellermønstring 2023" på dagtid, fredag 24. mars - ikkje minst for dei av oss som er interesserte i samanhengar mellom  munnleg historie og forteljekunst. Bildet er frå forteljinga "Mitt Narnia", der Hege Eidseter og Kurt Ove Mæland fortel om barndom som blinde på 1980-talet. Kvar fredag fekk dei "Barnas lydavis" i posten. Med den kom ein tilfluktstad, der born kunne bli kongar og dronningar...  Slik skildrar festivalen sjølv "Fortellermønstring 2023":  Fortellermønstring  er en åpen faglig arena for å se og diskutere muntlig fortellerkunst. Plattformen er programmert via åpen utlysning. I år setter vi søkelys på fortellerforestillinger som enten er nye eller er under utvikling. Etter hver forestilling blir det en samtale med publikum, ledet av festivalens kunstneriske leder Aslak Moe. Fortellermønstring  foregår på

"Premissleverandørkonkurranse" i Bergen

Bilde
Arbeidet med å konkretisere Bergen Kommunes strategi for å bygge eit nasjonalt senter for immateriell kultur, er på full fart inn i ei ny fase. I løpet av vårhalvåret skal det gjennomførast forankringsmøter på alle tre nivå som må involverast (Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet og Vestland Fylke).  Når dei er gjennomførte, skal Kommunen oppnevna ein styringskomite og ei arbeidsgruppe - og så startar arbeidet med å svara på kva eit slikt senter skal vere, kva det skal gjere og kva det skal innehalde.  (Nå bør også kampen om eit signalbygg starte, meiner artikkelforfattaren) Det er med andre ord duka for ein lokal og regional "premissleverandørkonkurranse" i 2023. Det er nå  dei viktige diskusjonane startar opp - at kjølen blir strekt i, for å bruke eit bilde frå skipsbyggingsindustrien. Alle som ynskjer å påvirke denne prosessen bør vite at det er nå premissa blir lagde.  Eg (Bjørn Enes) er jo ein av dei. Min hovudagenda r å sikre at det nye senteret for immateriell kultu

Ja: Immateriell kulturarv blir tema i Rio!

Bilde
(Av Bjørn Enes): Denne veka (51/2022) fekk eg den hyggelege meldinga frå konferanseteamet i International Oral History Association , at mitt forslag til diskusjonstema på den 22. internasjonale konferansen om munnleg historie er godkjend: Eg skal halde foredraget “Munnleg historie er immateriell kulturarv” i Rio de Janeiro siste veka i juli neste år. Forslaget som er godkjend kjem (på engelsk) nedanfor her. Berre litt kort om bakgrunnen fyrst.  Heilt sidan eg tok til å interessere meg for munnleg historie (for snart tjue år sidan) har eg meint at Noreg er i utakt med land me normalt liknar på, sidan munnleg historie (oral history) ikkje blir rekna som kulturarv, ikkje blir tatt i mot i det offentlege arkivverket og har relativt låg status både som fagfelt og kultursjanger.  Dette retta seg ikkje då Noreg slutta seg til verdskonvensjonen om immateriell kulturarv i 2007. Min teori er at årsaka ligg i ei for smal forståing av kva konvensjonen handlar om. Det er mitt hovudargument i deb

"Løgn varer lengst"

Bilde
  Regissør og forteljekunstnar Aslak Moe inntok biscena i Skifte på Det Vestnorske Teateret onsdag 23. november med forteljinga “Løgn varar lengst”. Verket var ei attforteljing av minst tre parallelle historier om omsorgskonfliktar. I den eine var han sjølv eg-person og part. I dei andre formidla han farspersonen sine versjonar av konfliktane.  (Foto: Bergensavisen) Gjennom heile framføringa - ganske nøyaktig to timar - var Aslak Moe tilstade i romet. Han fortalde om og viste til ting som har hendt andre stader og andre gonger, utan å forsøke å lokke publikum med seg inn i forteljinga. For min del set eg pris på ein slik forteljarposisjon. Det får meg til å kjenne meg som likemann - at forteljaren delar historia med meg, og lar meg gjere med henne kva eg vil, utan å krevje at eg skal innordne meg i noko han kontrollerar.  Det går an å problematisere kor grensa går mellom forteljing og foredrag med denne forma. Sjølv ser eg ikkje noko poeng med det: Om eit foredrag skulle bli framført s

Ta definisjonsmakt!

Det er hovudapellen til Bjørn Enes i dette innlegget: Kulturpolitikarane i Bergen må engasjere seg sterkare, dersom ambisjonen om å bygge ein nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv skal lukkast. Han foreslår at fyrste trinn må vere å ta definisjonsmakt på kva immateriell kultur er, basert på ei full norsk omseting av teksten i UNESCO-konvensjonen om " Safeguarding of the Intangible Cultural Heritage ". Til no har kulturpolitikken på dette feltet vore for smal. Det trengst eit nytt senter som kan knyte saman og få vekst i heile feltet. Og det er dette senteret som bør vere målet i Bergen:  Dette innlegget var fyrst framført av  Bjørn Enes  på tillitsvaldmøtet til Hordaland Mållag den 12. november 2022.  Som eit direkte resultat av det, vart han invitert til å fortelje den same historia for Eldrerådet i Bergen Kommune den 21. november. Videoen over er opptak frå Eldrerådet.  Presentasjonen kan opnast her og lastast ned her    Bjørn Enes stiller gjerne med dette i

Munnleg historie og forteljekunst

Bilde
 Kari Thorkildsen er ein av veteranane i forteljarmiljøet i Bergen. Ho er best kjend som krumtapp i fagmiljøet innan drama- og forteljekunst på Høgskulen på Vestlandet. Men før ho hamna der, hadde ho ei lang karriere innan barnehage og drama for born. Og før det igjen var ho ein del av den norske og bergenske industrihistoria, med fagutdanning i søm og teknisk vidareopplæring som arbeidsleiar i konferksjonsfabrikken Varden i Marken, Bergen.  Det var eit munnleg historie intervju med Bjørn Enes, som "utarta" til diskusjonen vi har klipt ut nedanfor. Enes er ein av veteranane innan munnleg historie i Bergen. Det var han som i si tid tok initiativet til Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Før det, hadde han ei lang karriere som journalist. Og før det igjen, var også han industriarbeidar. Så dei to hadde mange kontaktpunkt: Ikkje minst den felles interessa for forteljekunst og for korleis dei to fagfelta heng saman:  https://vimeo.com/759911651