"Premissleverandørkonkurranse" i Bergen
Arbeidet med å konkretisere Bergen Kommunes strategi for å bygge eit nasjonalt senter for immateriell kultur, er på full fart inn i ei ny fase. I løpet av vårhalvåret skal det gjennomførast forankringsmøter på alle tre nivå som må involverast (Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet og Vestland Fylke).
Når dei er gjennomførte, skal Kommunen oppnevna ein styringskomite og ei arbeidsgruppe - og så startar arbeidet med å svara på kva eit slikt senter skal vere, kva det skal gjere og kva det skal innehalde.
Det er med andre ord duka for ein lokal og regional "premissleverandørkonkurranse" i 2023. Det er nå dei viktige diskusjonane startar opp - at kjølen blir strekt i, for å bruke eit bilde frå skipsbyggingsindustrien. Alle som ynskjer å påvirke denne prosessen bør vite at det er nå premissa blir lagde.
Eg (Bjørn Enes) er jo ein av dei. Min hovudagenda r å sikre at det nye senteret for immateriell kultur må omfatte eit norsk kompetansesenter for munnleg historie. Både munnleg historie særskilt og immateriell kultur generelt har levd eit skyggetilvære gjennom mange tiår - ikkje på grunn av motstand, men på grunn av usikkerheit om kva det eigentleg er det handlar om.
Derfor trur eg at ein venskapeleg definisjonskamp er avgjerande tidleg i strekkinga av kjølen. Både hovudarguemntet for ein slik kamp og fasiten på korleis han bør ende ligg i artikkel 2 i UNESCO-kovensjonen om "intangible ("uhandgripeleg") cultural heritage" frå 2003.
Den 19. januar var så heldig å få vere med på eit arbeidsmøte på Høgskulen i Vestland (HVL) der dette var tema. Eg fekk høve til å legge fram ein oppdatert versjon av den tidlegare presentasjonen min om temaet:
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren! Vi ser straks på han, og alle seriøse kommentarar blir lagt ut :-)