Ja: Immateriell kulturarv blir tema i Rio!

(Av Bjørn Enes): Denne veka (51/2022) fekk eg den hyggelege meldinga frå konferanseteamet i International Oral History Association , at mitt forslag til diskusjonstema på den 22. internasjonale konferansen om munnleg historie er godkjend: Eg skal halde foredraget “Munnleg historie er immateriell kulturarv” i Rio de Janeiro siste veka i juli neste år. Forslaget som er godkjend kjem (på engelsk) nedanfor her. Berre litt kort om bakgrunnen fyrst. Heilt sidan eg tok til å interessere meg for munnleg historie (for snart tjue år sidan) har eg meint at Noreg er i utakt med land me normalt liknar på, sidan munnleg historie (oral history) ikkje blir rekna som kulturarv, ikkje blir tatt i mot i det offentlege arkivverket og har relativt låg status både som fagfelt og kultursjanger. Dette retta seg ikkje då Noreg slutta seg til verdskonvensjonen om immateriell kulturarv i 2007. Min teori er at årsaka ligg i ei for smal forståing av kva konvensjonen handlar om. Det er mitt hovudargum...