Skal markere 24/2 med tverrfagleg sceneprosjekt.
Munnleg historie, forteljekunst og borgarsceneproduksjon Den 24 februar 2023 er det eitt år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. Bergen Borgerscene, Forteljar Bjørn Enes og Den ukrainske foreningen i Bergen har innleidd samarbeid om å markere eittårsdagen med ein sceneproduksjon basert på forteljingane til ukrainske flyktningar. Produksjonen skal foregå både på ukrainsk, russisk og norsk. Arbeidstittel: “Krigsmødrene” 13 år etter avdukinga av Per Ungs statue “Krigsmoderen”, har Vestland igjen fått ei stor gruppe krigsmødre. Denne gongen må det ikkje ta like lang tid før dei kjem til orde! 24. februar 2022: Krig i Europa. Sjokk over kva som hender. Flyktningar kjem. Alle vil hjelpe. Tida går. Krigsmeldingane forsvinn frå fyrstesidene. Straumprisane stig. Det kjem motstemmer i media. Ingen veit korleis dette året blir. Men midt i blant oss lever kvinner i krigen. Ei får dødsbodskap. Ei får melding om ein lemlesta mann, far, son. Ei h...