Det var framsynt av Bergen Bystyre å setje eit “nasjonalt senter for immateriell kulturarv” inn i sin strategi for musé og frivillig kulturvern, hausten 2021. Men skal det lukkast, bør ambisjonen spissast. For det finst frå før minst to slike nasjonale sentra. Av Bjørn Enes og Aslak Moe Bildet: UNESCO har anerkjent slam-poesi som ein del av Tysklands immaterielle kulturarv. Her: Tobi Heyel. Foto: UNESCO. I 2003 bestemte UNESCO at den gamle verdsarvlista over imponerande murar, tempel og slott, skulle supplerast med ei tilsvarande liste over “intangible world heritage”. I artikkel 2 konkretiserte dei kva dette skulle handle om: (a) munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som berar av uhandgripeleg kulturarv. (b) utøvande kunst (c) sosiale praksisar, ritual og feiringar (d) kunnskap og praktiseringar som handlar om naturen og universet (e) tradisjonshandverk. To område er komne langt i Noreg Noreg slutta seg til konvensjonen om immateriell kulturarv i 2007. Framleis er