Eit senter for munnleg historie, forteljekunst og språk

 Det var framsynt av Bergen Bystyre å setje eit “nasjonalt senter for immateriell kulturarv” inn i sin strategi for musé og frivillig kulturvern, hausten 2021. Men skal det lukkast, bør ambisjonen spissast. For det finst frå før minst to slike nasjonale sentra. 

Av Bjørn Enes og Aslak Moe 

Bildet: UNESCO har anerkjent slam-poesi som ein del av Tysklands immaterielle kulturarv. Her: Tobi Heyel. Foto: UNESCO.

I 2003 bestemte UNESCO at den gamle verdsarvlista over imponerande murar, tempel og slott, skulle supplerast med ei tilsvarande liste over “intangible world heritage”.  I artikkel 2 konkretiserte dei kva dette skulle handle om: 

  • (a) munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som berar av uhandgripeleg kulturarv.
  • (b) utøvande kunst
  • (c) sosiale  praksisar, ritual og feiringar 
  • (d) kunnskap og praktiseringar som handlar om naturen og universet 
  • (e) tradisjonshandverk. 

To område er komne langt i Noreg

Noreg slutta seg til konvensjonen om immateriell kulturarv  i 2007. Framleis er arbeidet med immateriell eller “intangible”(“uhandgripeleg”) kultur i støypeskeia, men to av dei områda som UNESCO peika ut er komne godt i gang her. 

Det eine er (e) tradisjonshandverk. Av dei to immaterielle kulturminna som Noreg har fått inn på verdsarvlista, er det eine praksis og kunnskapar knytte til klinkebygging av båtar. I tillegg til sjølve lista, er Noreg nevnt to gonger på lista over god praksis for å sikre handboren kunnskap. Den eine gjeld bygging av oselvarar, den andre gjeld restaurering og vedlikehald av kyrkjebygg. Norsk Handverksinstitutt på Lillehammer har status som senter for immateriell kulturarv på dette feltet. Dei gjer eit  utmerka arbeid med å ta vare på og vidareføre denne arven landet over. 

Det andre er ein del av område (b) utøvande kunst. Vårt andre minne på verdsarvlista er folkemusikktradisjonane i Setesdal. Også på dette feltet er vidare utvikling sikra gjennom Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Dei er også akkrediterte til UNESCO, og arbeider for å fremje, verne og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar. 

Eit nytt  senter for immateriell kultur blir altså nummer tre i Noreg. Det er ingen grunn til å finne opp krutet på nytt, og gå dei andre to i næringa. For det finst utfordringar meir enn nok på dei felta som så langt er “ledige”. 

Munnleg historie, forteljekunst og språk 

Tidlegare i juni 2022 arrangerte Jakob Sande Senter for  forteljekunst i Fjaler, eit strategiseminar. Arrangøren har i dag status  som eit nasjonalt senter for forteljekunst, men Kulturdepartementet har gitt tydelege meldingar om at det er for lite, det må finne sin plass i ei større  klynge. 

Eit svar på dette kan være å innlemme Jakob Sande-senteret i Musea i Sogn og Fjordane. Men under juniseminaret vart det og løfta fram eit anna spor: Kvifor ikkje heller ta initiativ til ei heilt ny klynge, knytta til Bergens visjon om eit nasjonalt senter for immateriell kultur?

Det er ingen tvil om at munnleg forteljekunst inngår i UNESCOs definisjon. Den profesjonelle delen av aktivitetane i Fjaler er ein viktig del av pkt (b) - utøvande kunst. Dei meir folkelege delane er like utvilsomt ein del av punkt (a) -  “munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som berar av uhandgripeleg kulturarv”.

Det finst fleire tunge miljø i Bergen som direkte eller indirekte kan tenkjast inn i ei slik klynge. Forteljekunst er eit fag på Høgskulen på Vestlandet, munnleg tradisjon og folkeminne er ein stor del av kulturvitskap på Universitetet. Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket og det språkvitskapane ved UiB er landets mest synlege språkmiljø. Utanfor akademia  har Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, sitt hovudkontor i Bergen. Både Bymuseet, Museum Vest og Museumssenteret i Hordaland har høg kompetanse og gode tradisjonar innan samling og formidling av munnleg historie og tradisjon. Og utøvande kunst blomstrar, både institusjonelt og i frie grupper. Sjølv synest eg Bergen Borgerscene kan løftast fram som føredøme på samskaping, når dei løftar fram folkelege forteljingar og gjer dei til kunst. 

Kulturarv er også samtidskultur!

I diskusjonar om immateriell kultur har fokus ofte blitt snevra inn til svært gamle tradisjonar og uttrykk, så som folkeeventyr og  gamle, truga språk. Men samtidstradisjonar, -uttrykk, -språk og -forteljingar kjem til å vere like truga når vi som lever nå går bort! Og når det gjeld pkt ( c ) -  sosiale  praksisar, ritual og feiringar - kan det ikkje vere tvil om at tankar, kjensler og forteljingar rundt Pride denne sommaren blir eit viktig døme på uhandgripeleg kulturarv alt i nær framtid.

Også det siste  punktet - (d) “kunnskap og praktiseringar som handlar om naturen og universet” - har sterke innslag av munnleg  kultur. Turgåing, jakt, fiske, friluftsliv - og soling blir tome  praksisar om kulturarven skal avgrensast til utgåtte fjellstøvlar og knekte solbriller. Det er forteljingar og munnleg historie som er bindemiddelet også på dette området. 

Eit tredje senter i Bergen

Det Noreg treng i tillegg til Handverksinstituttet på Lillehammer og Senter for folkemusikk i Trondheim, er eit nasjonalt senter for munnleg historie, forteljekunst og språk. 

Det bør ha eit akademisk bein hos kulturvitarane og lingvistane i Bergen, ein forskingsbase hos Språksamlingane og Skeivt Arkiv (Norsk Folkeminnesamling bør også flyttast over fjellet or å bli ein del av dette), ein folkeleg base i Memoar og Senter for munnleg historie, ei kunstnarisk klynge bygd rundt Jakob Sandesenteret, Fortellerfestivalen, Bergen Borgerscene, dans- og teaterinstitusjonane - og ei klynge for samling av kunnskap og organisering om “sosiale praksisar, ritual og feiringar”.

Ein ambisjon som den Bystyret vedtok i fjor, krev ein omfattande politisk prosess. Visjonen om det nye senteret for immateriell kultur må bli konkret, og den må bli felles for mange nok i byen, regionen og i landet. Og fyrst og fremst må vestlendingane gjere heimeleksa, og bli samde seg imellom. Det er med det håpet eg/vi reiser denne debatten nå. I von om spennande diskusjonar ut over hausten! 

Bjørn Enes, journalist, minnesamlar og forteljar - www.bjornenes.no.

Aslak Moe, regissør og forteljekunstnar, leiar av Fortellerfestivalen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lena Teir er ny kunstnarisk leiar av Fortellerfestivalen

"Fortellermønstring" - og -festival i Oslo 23-26. mars