Innlegg

Viser innlegg fra 2023

Lena Teir er ny kunstnarisk leiar av Fortellerfestivalen

Bilde
Fortellerfestivalen melder 22. februar -23 av  LINA TEIR tek over som  kunstnarisk leiar for festivalen i neste åremålsperiode (2023-2026). Ho avløyser Aslak Moe etter årets festival, men ho startar i jobben alt i mars. Lina kjem til å vere til stade på årets festival, og skal mellom anna ta del i i ein oppsummerande samtale med Aslak og ein ekstern gjest under arrangementet  Festivalkritikk , søndag 26. mars kl 19 på Melahuset. Lina Teir kjem inn i en organisasjon i vekst. Stiftelsen har endra vedtektene for å kunne gi rom for meir aktivitet gjennom heile året, både med såkalla anvendt fortelling og som kompetansesenter for munnlege forteljarar. Stiftinga har derfor endra namn til Stiftelsen Fortellersentrum - Fortellerfestivalen . Planen er å auke aktivitetsnivået gradvis og i tråd med ressursane. Stiftinga ser fram til nye samarbeid og nye prosjekter, i tillegg til fantastiske festivalar, i tida som kjem.  Stiftinga melder vidare:  Bli kjent med vår nye kunsteriske leder Lina Tei

"Fortellermønstring" - og -festival i Oslo 23-26. mars

Bilde
Det går mot ny Fortellerfestival i Oslo. Noko av det mest spennande er det faglege utviklingsarbeidet - og høgdepunktet må vere "Fortellermønstring 2023" på dagtid, fredag 24. mars - ikkje minst for dei av oss som er interesserte i samanhengar mellom  munnleg historie og forteljekunst. Bildet er frå forteljinga "Mitt Narnia", der Hege Eidseter og Kurt Ove Mæland fortel om barndom som blinde på 1980-talet. Kvar fredag fekk dei "Barnas lydavis" i posten. Med den kom ein tilfluktstad, der born kunne bli kongar og dronningar...  Slik skildrar festivalen sjølv "Fortellermønstring 2023":  Fortellermønstring  er en åpen faglig arena for å se og diskutere muntlig fortellerkunst. Plattformen er programmert via åpen utlysning. I år setter vi søkelys på fortellerforestillinger som enten er nye eller er under utvikling. Etter hver forestilling blir det en samtale med publikum, ledet av festivalens kunstneriske leder Aslak Moe. Fortellermønstring  foregår på

"Premissleverandørkonkurranse" i Bergen

Bilde
Arbeidet med å konkretisere Bergen Kommunes strategi for å bygge eit nasjonalt senter for immateriell kultur, er på full fart inn i ei ny fase. I løpet av vårhalvåret skal det gjennomførast forankringsmøter på alle tre nivå som må involverast (Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet og Vestland Fylke).  Når dei er gjennomførte, skal Kommunen oppnevna ein styringskomite og ei arbeidsgruppe - og så startar arbeidet med å svara på kva eit slikt senter skal vere, kva det skal gjere og kva det skal innehalde.  (Nå bør også kampen om eit signalbygg starte, meiner artikkelforfattaren) Det er med andre ord duka for ein lokal og regional "premissleverandørkonkurranse" i 2023. Det er nå  dei viktige diskusjonane startar opp - at kjølen blir strekt i, for å bruke eit bilde frå skipsbyggingsindustrien. Alle som ynskjer å påvirke denne prosessen bør vite at det er nå premissa blir lagde.  Eg (Bjørn Enes) er jo ein av dei. Min hovudagenda r å sikre at det nye senteret for immateriell kultu