"Løgn varer lengst"
Regissør og forteljekunstnar Aslak Moe inntok biscena i Skifte på Det Vestnorske Teateret onsdag 23. november med forteljinga “Løgn varar lengst”. Verket var ei attforteljing av minst tre parallelle historier om omsorgskonfliktar. I den eine var han sjølv eg-person og part. I dei andre formidla han farspersonen sine versjonar av konfliktane. (Foto: Bergensavisen) Gjennom heile framføringa - ganske nøyaktig to timar - var Aslak Moe tilstade i romet. Han fortalde om og viste til ting som har hendt andre stader og andre gonger, utan å forsøke å lokke publikum med seg inn i forteljinga. For min del set eg pris på ein slik forteljarposisjon. Det får meg til å kjenne meg som likemann - at forteljaren delar historia med meg, og lar meg gjere med henne kva eg vil, utan å krevje at eg skal innordne meg i noko han kontrollerar. Det går an å problematisere kor grensa går mellom forteljing og foredrag med denne forma. Sjølv ser eg ikkje noko poeng med det: Om eit foredrag skulle ...