Munnleg historie og forteljekunst
Kari Thorkildsen er ein av veteranane i forteljarmiljøet i Bergen. Ho er best kjend som krumtapp i fagmiljøet innan drama- og forteljekunst på Høgskulen på Vestlandet. Men før ho hamna der, hadde ho ei lang karriere innan barnehage og drama for born. Og før det igjen var ho ein del av den norske og bergenske industrihistoria, med fagutdanning i søm og teknisk vidareopplæring som arbeidsleiar i konferksjonsfabrikken Varden i Marken, Bergen.
Det var eit munnleg historie intervju med Bjørn Enes, som "utarta" til diskusjonen vi har klipt ut nedanfor. Enes er ein av veteranane innan munnleg historie i Bergen. Det var han som i si tid tok initiativet til Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Før det, hadde han ei lang karriere som journalist. Og før det igjen, var også han industriarbeidar. Så dei to hadde mange kontaktpunkt: Ikkje minst den felles interessa for forteljekunst og for korleis dei to fagfelta heng saman:
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren! Vi ser straks på han, og alle seriøse kommentarar blir lagt ut :-)