Innlegg

Viser innlegg med etiketten Senter for immateriell kultur

"Premissleverandørkonkurranse" i Bergen

Bilde
Arbeidet med å konkretisere Bergen Kommunes strategi for å bygge eit nasjonalt senter for immateriell kultur, er på full fart inn i ei ny fase. I løpet av vårhalvåret skal det gjennomførast forankringsmøter på alle tre nivå som må involverast (Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet og Vestland Fylke).  Når dei er gjennomførte, skal Kommunen oppnevna ein styringskomite og ei arbeidsgruppe - og så startar arbeidet med å svara på kva eit slikt senter skal vere, kva det skal gjere og kva det skal innehalde.  (Nå bør også kampen om eit signalbygg starte, meiner artikkelforfattaren) Det er med andre ord duka for ein lokal og regional "premissleverandørkonkurranse" i 2023. Det er nå  dei viktige diskusjonane startar opp - at kjølen blir strekt i, for å bruke eit bilde frå skipsbyggingsindustrien. Alle som ynskjer å påvirke denne prosessen bør vite at det er nå premissa blir lagde.  Eg (Bjørn Enes) er jo ein av dei. Min hovudagenda r å sikre at det nye senteret for immateri...

Ja: Immateriell kulturarv blir tema i Rio!

Bilde
(Av Bjørn Enes): Denne veka (51/2022) fekk eg den hyggelege meldinga frå konferanseteamet i International Oral History Association , at mitt forslag til diskusjonstema på den 22. internasjonale konferansen om munnleg historie er godkjend: Eg skal halde foredraget “Munnleg historie er immateriell kulturarv” i Rio de Janeiro siste veka i juli neste år. Forslaget som er godkjend kjem (på engelsk) nedanfor her. Berre litt kort om bakgrunnen fyrst.  Heilt sidan eg tok til å interessere meg for munnleg historie (for snart tjue år sidan) har eg meint at Noreg er i utakt med land me normalt liknar på, sidan munnleg historie (oral history) ikkje blir rekna som kulturarv, ikkje blir tatt i mot i det offentlege arkivverket og har relativt låg status både som fagfelt og kultursjanger.  Dette retta seg ikkje då Noreg slutta seg til verdskonvensjonen om immateriell kulturarv i 2007. Min teori er at årsaka ligg i ei for smal forståing av kva konvensjonen handlar om. Det er mitt hovudargum...

Eit senter for munnleg historie, forteljekunst og språk

Bilde
 Det var framsynt av Bergen Bystyre å setje eit “nasjonalt senter for immateriell kulturarv” inn i sin strategi for musé og frivillig kulturvern, hausten 2021. Men skal det lukkast, bør ambisjonen spissast. For det finst frå før minst to slike nasjonale sentra.  Av Bjørn Enes og Aslak Moe  Bildet: UNESCO har anerkjent slam-poesi som ein del av Tysklands immaterielle kulturarv. Her: Tobi Heyel. Foto: UNESCO. I 2003 bestemte UNESCO at den gamle verdsarvlista over imponerande murar, tempel og slott, skulle supplerast med ei tilsvarande liste over “intangible world heritage”.  I artikkel 2 konkretiserte dei kva dette skulle handle om:  (a) munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som berar av uhandgripeleg kulturarv. (b) utøvande kunst (c) sosiale  praksisar, ritual og feiringar  (d) kunnskap og praktiseringar som handlar om naturen og universet  (e) tradisjonshandverk.  To område er komne langt i Noreg Noreg slutta seg til konvensjonen om...