"Premissleverandørkonkurranse" i Bergen
Arbeidet med å konkretisere Bergen Kommunes strategi for å bygge eit nasjonalt senter for immateriell kultur, er på full fart inn i ei ny fase. I løpet av vårhalvåret skal det gjennomførast forankringsmøter på alle tre nivå som må involverast (Kulturdepartementet, Kulturdirektoratet og Vestland Fylke). Når dei er gjennomførte, skal Kommunen oppnevna ein styringskomite og ei arbeidsgruppe - og så startar arbeidet med å svara på kva eit slikt senter skal vere, kva det skal gjere og kva det skal innehalde. (Nå bør også kampen om eit signalbygg starte, meiner artikkelforfattaren) Det er med andre ord duka for ein lokal og regional "premissleverandørkonkurranse" i 2023. Det er nå dei viktige diskusjonane startar opp - at kjølen blir strekt i, for å bruke eit bilde frå skipsbyggingsindustrien. Alle som ynskjer å påvirke denne prosessen bør vite at det er nå premissa blir lagde. Eg (Bjørn Enes) er jo ein av dei. Min hovudagenda r å sikre at det nye senteret for immateriell kultu