Vestland - kulturpolitisk høyring

 Vestland - Høyring om “Regional plan for idrett, kultur og frivilligheit”

Høyringssvar frå Bjørn Enes

Planutkastet som er sendt ut på høyring er eit svært godt utgangspunkt for debatt og vidareutvikling.  Det gir høve til å “løfte blikket” og sjå fylket og regionen si utvikling i eit meir langsiktig perspektiv enn det er høve til i det daglege arbeidet.

Etter mitt syn treng Vestland generelt og ei rekke kommunar og lokalmiljø særskilt å tydeleggjere innhaldet i setninga “Vestland er eit sterkt kulturfylke som i nasjonal målestokk representerer eit andre tyngdepunkt.” (henta frå Del 1 - pkt 3.4 - “Nasjonal pådrivar for kulturpolitikken”). Dette gjeld i heilt særskilt grad på området immateriell kultur.

Gunnstein Akselberg fortel på Jakob Sande senter for forteljekunst

Definisjonsmakt.

Omgrepet immateriell kultur  har i praksis fått ein mykje smalare definisjon i norsk kulturpolitisk debatt enn det som vart skissert opp i konvensjonen som skapte omgrepet, UNESCOs konvensjon om “intangible world heritage” frå 2003. (https://ich.unesco.org/en/convention)  Etter at Noreg signerte konvensjonen i 2007, har det skjedd mykje positivt på felta tradisjonshandverk og tradisjonsmusikk, medan andre viktige kulturfelt, -uttrykk og -aktørar har blitt oversette. Det er uheldig, for det usynleggjer viktige samanhengar i kulturen og i kunsten. Og det usynleggjer nokre av Vestlands sterkaste sider.

Ein svipp innom konvensjonen:

Såvidt eg veit, så har det aldri blitt laga noko autorisert omsetjing til norsk av teksten i den nemnde UNESCO-konvensjonen. Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, har tidlegare omsett definisjonen i Artikkel 2, pkt 2 slik:

“Uhandgripeleg kulturarv (...), gjer seg gjeldande mellom anna på fylgjande felt:

      (a) munnlege uttrykksformer, forteljingar og tradisjonar,  derunder språk som formidlar av uhandgripeleg kulturarv.

      (b) Utøvande kunst

      (c) Sosiale praksisar, ritual og feiringar

      (d) kunnskap og praksisar som omhandlar naturen og universet

      (e) tradisjonshåndverk.

Det er eit poeng å hugse at medan konvensjonen sitt fokus berre er kulturell arv,  så må jo  kulturpolitikken fyrst og fremst handle om det vi putlar med i dag. Ei satsing på immateriell kultur må både handle om samtidskultur og om arv!

 

Vestlands uhandgripelege kultur

Språksamlingane er kan hende den tyngste immaterielle kulturinstitusjonen i Noreg. Dei låg lenge i Oslo. Men dei vansmekta der, og leiinga ved Universitet i Oslo  jubla, då yrkesbrørne i Bergen sa ja til å overta ansvaret. Her vest har både fagmiljøet og den folkelege interessa blomstra opp.

Den nynorske kulturarven og den levande nynorske språkfellesskapen er eit anna døme på eit stort og viktig felt av den immaterielle kulturen. Eg meiner på ingen måte å redusere rolla til Aasentunet og Nynorsk Kultursentrum - snarare tvert om:  Eit nasjonalt senter for munnleg historie, forteljekunst og språk må arbeide tett saman med eksisterande og nye fagmiljø over heile lander - ikkje minst i Vestland fylke og resten av Vestlandsregionen. 

Jakob Sande Senter for forteljekunst er eit anna døme på ein institusjon som i dag famlar litt etter identiteten sin. Det har status som Nasjonalt senter for forteljekunst. Eg meiner famlinga kjem av denne mangelen på tydeleggjering av det immaterielle kulturfeltet dei er ein del av. Senteret er på veg til å bli ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Det kan vere ei god forankring, for musea forvaltar både materiell og immateriell kultur. Men uansett kor dei ender opp reint organisatorisk, så høyrer dei fagleg heime innanfor ei satsing på immateriell kultur.

Dei siste åra har det vore ei raskt aukande interesse for munnleg historie, ei grein av historiefaget og folkloristikken som bygger samlingar av munnleg kjeldemateriale om historiske prosessar og levd liv i alle lag av folket. Uhandgripelege eller immaterielle dimensjonar i liv og lagnad kan berre dokumenterast, bevarast og formidlast gjennom munnleg historie. Moderne opptaks- og arkiveringsteknikkane har gjort det mogleg å bygge og formidle samlingar av uvurderleg verdi. Også dette fagfeltet har eit tyngdepunkt i Vestland, ikkje minst i Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, som også har sitt hovudvirke i Vestland. .

Både i kunsthistoria og i samtidskunsten er det ofte nære samanhengar mellom folkeleg kultur og utøvande kunstartar som teater, forteljekunst, performative uttrykksformer, musikk og litteratur. Teatersjef Solrun Toft Iversen - avtropande ved Det Vestnorske Teateret og påtroppande ved Den Nationale Scene - har markert seg som ein kunstnar med skarpt auge og stor interesse for dette samspelet. Då ho presenterte Heim 2 i Bergensmagasinet (februar 2019) vart ho sitert med nærast ei kunstpolitisk programerklæring; “Eg såg etter eit prosjekt som kunne venda seg til vestlendingane og til Vestlandet, og som samtidig kunne sei noko veldig tydeleg om det jordsmonnet som er rundt teateret –  det potensielle produksjonsmiljøet som ligg her i kraft av forfattarane.” 

Nokre viktige trekk ved dette “jordsmonnet rundt teateret” er den egalitære og utovervendte folkekulturen, dei immaterielle avspeglingane av den voldsomme naturen og den livsvilja og -gleda som kjem til uttrykk både i ritual og feiringar og i den folkelege forteljekunsten.

Som tyngste kommune har Bergen gått føre med å utrope etablering av eit nytt nasjonalt senter for immateriell kultur til hovudsatsing i sin kulturstrategi. (Plan for musé og frivillig kulturvern, vedteken hausten 2021). I det pågåande arbeidet for å konkretisere strategien, ser det ut til å gå i retning av at Bergen vil spisse ambisjonane inn mot munnleg historie, forteljekunst og språk. Dermed styrar dei i retning eit senter som vil komplettere norsk organisering av det immaterielle kulturfeltet, saman med Norsk Handverksinstitutt på Lillehammer og Senter for folkemusikk i Trondheim.

Kulturpolitikken i Vestland bør også peike ut “uhandgripeleg” eller immateriell kultur som særskilt satsingsområde det komande tiåret, med hovudvekt på språk, munnleg historie og  forteljekunst.

 

Konkrete forslag:

Innspel til visjon og mål:

Ei alternativ visjonsformulering kan vere å låne Solrun Toft Iversen si formulering: Kultur er samfunnets jordsmonn.

Innspel til satsingane:

Eg synest at minst ein av satsingsformuleringane kan spissast. Eg synest fylgjande er ei god formulering: I perioden 2023-2035 vil Vestland satse særskilt innan immateriell kultur

Eg foreslår fylgjande alternative formulering til pkt 5.3 (side 10):

“I Vestland skal ein stimulere til nettverk, klynger og samhandlingsarenaer for kunnskapsdeling og -utvikling. Ei særleg styrking av fagmiljø som utviklar og systematiserer kunnskap innan kultur generelt og immateriell kultur særskilt.” (tilføying markert med gult)

Innspel til aktør og fagplanen:

Eg foreslår at pkt “1.3 Immateriell kulturarv” blir omformulert til “1.3 immateriell kultur”, og at punktet  får fylgjande underpunkt: 

a)    Munnleg historie og språk,

b)    Utøvande kunst

c)     Sosiale praksisar, ritual og feiringar,

d)    Kunnskap og praksisar om natur og univers

e)    Tradisjonshandverk.

Underpunkt a - munnleg historie og språk: Eg er ubeskjeden nok til å meine at underpkt. a.  kan formulerast med utgangspunkt i mitt innleiingsavsnitt i dette vedlegget. i tillegg kan punkt 4.6 i forslaget (“Nynorsk språk og språkpolitikk”) flyttast opp som ein del av pkt a.

Underpunkt b - utøvande kunst: Dette bør også nyskrivast -  innspela er levert over. I tillegg kan deler av 4.4 (“Det profesjonelle kunstfeltet”) flyttast opp - det gjeld særleg scenekunst og musikk.

Underpunkt c - Sosiale praksisar, ritual og feiringar:  Dette avsnittet bør nyskrivast, men mykje av det som står om festivalar under pkt 4 og delar eller heile avsnitt 3 om frivilligheita kan redigerast inn der. 

Underpunkt d - kunnskap og praksisar om natur og univers: Dett bør nyskrivast. Men her kan storde delar eller alt det som står om friluftsliv redigerast inn.

Underpunkt e - tradisjonshandverk: Dette er godt formulert i det foreliggande avsnittet om tradisjonshandverk,

Innspel til handlinbgsprogram 2023 - 26

Under pkt 1 - Vestland - ein leiande region - synest eg det skal skrivast inn at vi skal starte arbeidet for å utvikle eit nasjonalt senter for immateriell kultur, med hovudfokus på språk, munnleg historie og forteljekunst.

Under pkt 3 - Demokrati deltaking og mangfald - synest eg det skal skrivast inn at fylket vi styrke infrastruktur, kompetanse og organisasjon rundt munnleg historie, slik at det blir mogleg for alle lag av folket å avlevere munnleg kjeldemateriale til arkiv, bibliotek og musé. 

Under pkt 5 - Kunnskapsbygging og kunnskapsdeling - synest eg at siste setning i pkt. 5.3 skal omformulerast slik: I Vestland skal ein stimulere til nettverk, klynger og samhandlingsarenaer for kunnskapsdeling og -utvikling. Ei særleg styrking av fagmiljø som utviklar og systematiserer kunnskap innan kultur generelt og immateriell kultur særskilt.

 

Kort om meg:

Eg heiter Bjørn Enes. Namnet og røtene kjem frå Enes (Ænes) i Kvinnherad. Eg er frilansjournalist som har budd det meste av livet i Agder. Men dei siste 12 åra har eg flytta heim att til Vestland. Her har eg bygd opp Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Frå sommaren 2022 har eg slept taket i Memoar for at ny leiar skal kjenne seg friare til å halde fram utviklingsarbeidet på sin måte. Sjølv har eg gått tilbake til frilans-tilværet. Det er bakgrunnen for at eg leverar inn eit høyringssvar privat.

Eit bilete som inneheld tekst, tusjtavle

Automatisk generert skildringBergen - 4. november 2022

Bjørn Enes

post@bjornenes.no - www.bjornenes.no 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Lena Teir er ny kunstnarisk leiar av Fortellerfestivalen

Eit senter for munnleg historie, forteljekunst og språk

"Fortellermønstring" - og -festival i Oslo 23-26. mars