"Løgn varer lengst"
Regissør og forteljekunstnar Aslak Moe inntok biscena i Skifte på Det Vestnorske Teateret onsdag 23. november med forteljinga “Løgn varar lengst”. Verket var ei attforteljing av minst tre parallelle historier om omsorgskonfliktar. I den eine var han sjølv eg-person og part. I dei andre formidla han farspersonen sine versjonar av konfliktane.
Gjennom heile framføringa - ganske nøyaktig to timar - var Aslak Moe tilstade i romet. Han fortalde om og viste til ting som har hendt andre stader og andre gonger, utan å forsøke å lokke publikum med seg inn i forteljinga. For min del set eg pris på ein slik forteljarposisjon. Det får meg til å kjenne meg som likemann - at forteljaren delar historia med meg, og lar meg gjere med henne kva eg vil, utan å krevje at eg skal innordne meg i noko han kontrollerar.
Det går an å problematisere kor grensa går mellom forteljing og foredrag med denne forma. Sjølv ser eg ikkje noko poeng med det: Om eit foredrag skulle bli framført som ei god forteljing, så er det vel ingen som tar skade av det. Og motsett: Skulle ei scenisk forteljing gå så konkret inn på levd liv og politiske realitetar, at trongen til å replisere melder seg, så er det vel ikkje nokon publikummar som tar skade av det heller. Snarare tvert om.
Men forteljaren må finne seg i at innhaldet han fortel om tar større plass i etterrefleksjonane enn forma. Aslak Moe si eiga forteljing starta med eit advokatbrev. Mor til barnet hans ville nekte han samvær. Me fekk høyre litt om hans versjon av konflikta og hans kjensle av avmakt. Og hans innmelding i “Foreningen to foreldre”, der han traff mange med liknande og mykje meir dramatiske historier enn hans eigen. To av desse gjekk han så grundig gjennom, og særleg frå den eine kunne han vise faksimiler av anonymiserte rettsprotokollar, sakkyndigrapportar, barnevernsnotat osb.
Det samtidsbildet han teikna opp på dette viset, var av eit stort maktapparat med konflikskye utøvarar som er systematisk naivt gordtruande mot mødrer og systematisk mistenksame mot fedrar. Det er dette som gjer at “løgn varar lengst”.
Min trong til å be om replikk heng sjølvsagt saman med mine livserfaringar. Dei seier at “Foreningen sinte fedre” (det var Aslak Moe som formidla kallenamnet i ei bisetning) er som andre ekkokammer: Når folk med same kjensle av å vere urettvist behandla kjem saman utan motvekt, bleiknar alle motforestillingar og tvil. Det blir gehør for å generalisere ut frå enkeltsaker - og i neste omgang blir slike generaliseringar tatt med som tunge argument i nye enkeltsaker.
Denne motforestillinga hos meg, gjorde at eg ikkje gjekk heim frå Det Vestnorske Teateret i ei stemning av opprør over barnevern, politi, rettsapparat, psykologlaug og urimelege mødre og ekskjærestar. Eg gjekk heim med bildet av ein heilt annan del av Aslak Moe si forteljing, som han introduserte heilt mot slutten av framsyninga.
Ei av dei sakene han gjekk grundig inn på, har pågått så lenge at borna det handla om, har blitt vaksn. Så gjekk han på besøk til den eine, og fekk hennar historie. Alt då ho var 14 hadde ho gjort opprør mot den rolla foreldrekonflikten hadde tvinga henne inn i. Då Moe møtte henne, var ho blitt 22 og i ferd med å etablere sin eigen familie. Ennå kjempa ho for å få bror sin fri frå tvangsrolla.
Det blei ei slags “happy ending” dette. Heilt til sist fortalde han at også i hans eiga historie hadde konflikt og avmakt slept taket, og at samværet nå var blitt meir normalt.
Det siste eg tenkte på vegen gjennom mørkret, opp den nye Fløenbrua, var at ja, det er også slikt vi treng forteljekunsten til. Å få forteljingar om levd liv ut av ekkokammera.
Einsidige forteljingar er ikkje eit problem. Tvert om - dei er sjølve grunnsteinen i ytringsfridomen. Og den viktigaste byggesteinen i all kunstnarisk dramaturgi. Problemet er einsidige forteljingar i lukka rom. Takk til Aslak Moe for å ha tatt forteljinga om sinte fedre opp på scena i Vestnorske.
24/11 - Bjørn Enes
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren! Vi ser straks på han, og alle seriøse kommentarar blir lagt ut :-)