Skal markere 24/2 med tverrfagleg sceneprosjekt.
Munnleg historie, forteljekunst og borgarsceneproduksjon
Den 24 februar 2023 er det eitt år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. Bergen Borgerscene, Forteljar Bjørn Enes og Den ukrainske foreningen i Bergen har innleidd samarbeid om å markere eittårsdagen med ein sceneproduksjon basert på forteljingane til ukrainske flyktningar. Produksjonen skal foregå både på ukrainsk, russisk og norsk.
13 år etter avdukinga av Per Ungs statue “Krigsmoderen”, har Vestland igjen fått ei stor gruppe krigsmødre. Denne gongen må det ikkje ta like lang tid før dei kjem til orde!
24. februar 2022: Krig i Europa. Sjokk over kva som hender. Flyktningar kjem. Alle vil hjelpe.
Tida går. Krigsmeldingane forsvinn frå fyrstesidene. Straumprisane stig. Det kjem motstemmer i media.
Ingen veit korleis dette året blir. Men midt i blant oss lever kvinner i krigen. Ei får dødsbodskap. Ei får melding om ein lemlesta mann, far, son. Ei høyrer ingenting, veke etter veke. Ei møter klagande blikk frå eit barn: Kvifor gjer du ikkje noko, mamma?
Kva skal ei kvinne gjere, som er røska ut av alle planar og draumar, som har mista all framtid og alt som er trygt? Og korleis skal ho bli høyrd?
Der er så mange lag, så mange spenningar og så mange forteljingar i denne historia. Men stemmene kan ikkje høyrast. Er dei på veg til internalisering i spente kroppar og mørke sinn? Vi - som er rundt dei på alle kantar - vi veit jo litt om korleis dei har det. Vi har skuggane frå våre eigne mødre og bestemødre, der dei sat og heldt rundt kvarandre ved skorsteinspipa medan bombene fall på Nøstet. Vi forstår dette synet på bussen, når ei kvinne fortvilt forsøker å dempe eit uroleg barn som forstyrrar lukka andlet rundt seg - andlet ho ikkje veit noko om, ikkje har bede om å bli kjend med, ikkje VIL vere hos. Men som ho MÅ vere takksam mot. Vi ser at dei tar sin krig med seg, inn i private rom, for ikkje å forstyrre. Og vi har denne sjenansen mot å spørje.
Vi vil ha krigsmødrenes forteljingar ut. På årsdagen for invasjonen. På hovudscenen i Bergen.
Det skal vere krigsmødrenes eigne forteljingar. Om 24. februar, om bomberom og øydelegging, og frykt og avskjed, om reise og grense og fortid i ruinar og framtid i grus. Om å feste nye trådar i framand jord, om å oppdage, kjenne på og litt etter litt like heilt andre vanar og haldningar. Om langsomt å bli ein annan. Og om aninga av kor farleg det kan bli.
Anghelika Ruda og Bjørn Enes skal ha hovudansvaret for research, og samling av råstoff og det å finne fram til kandidatar som kan inviterast opp på scena.
Vibeke Flesland Havre blir hovudansvarleg for utviklinga av sjølve forestillinga. Historia skal bli fortald slik at tilhøyrarane kan vere både ukrainske, russiske og norske, og ha fullt utbyte. Bergen Borgerscene vil setje saman eit kunstnarisk team med både dramaturg, lyd- og lysdesignar, som skal gi forestillinga form saman med regissøren. Vi engasjerar ikkje nokon scenograf, for tanken er å spele i scenografien til det stykket som går på Store Scene i dagane før og etter den 24. februar. Slik er det med på å understreke brotet i historia som skjedde denne dagen. Vi gjer scenografien om til denne forteljingas kulisser, med hjelp av lyd og lys. Nokre av forteljingane vil kanskje berre bli lydopptak, for å anonymisere forteljaren. Andre blir kanskje fortalde av skodespelarar.
Det kan vere ein eller to norsk-ukrainerar der, som attfortel på norsk, med refleksjonar og forklaringar. Som kommenterar kvarandre - som kanskje er usamde seg i mellom og som må spørje på ukrainsk om detaljar.
Og det kan vere lyd der: Forteljingar som ikkje kan forteljast ope, frå kvinner som ikkje kan stå fram, av di dei har einkvan der heime som kan bli tatt til russiske avhøyr viss agentar rapporterar om kva kona har sagt på ei vestnorsk scene.
Det kan vere norske kvinner der, som har minner om bomberom og uvisse om nære i krig uendeleg langt borte. Oo om det vonde som kom til syne då det var over og pappa kom heim, med torpedonerver og alkoholisme og hjartet fullt av mistru.
Kan hende høyrer vi ein mann der, som står i støv og røyk og lukter av krig, og snakkar i telefon med eit barn som kanskje er glad for ei ny venninne ho har fått, eller for at mor har fått arbeid og snart skal kome heim med løn.
Framdriftsplanen
Utviklingsarbeidet er todelt. I ein råproduksjon (eller forprosjekt) blir Forteljar Bjørn Enes hovudansvarleg for munnleg historie research i form av 20 dokumenterte og omsette djupintervju med flyktningar. I sjølve sceneproduksjonen (hovudprosjektet) blir Bergen Borgerscene og regissør Vibeke Flesland Havre hovudansvarleg for å vidareutvikle det munnlege råstoffet til kunst, saman med eit nokre av forteljarane frå intervjuserien..
Forprosjektet eller råproduksjonen er planlagt slik:
Den ukrainske forening Bergen, bidrar til å gjere prosjektet kjent og til å finne fram til flyktningar som vil fortelje.
Forteljar Bjørn Enes og den ukrainske flyktningen Angelika Ruda gjennomfører 20 djupintervju i perioden september 2022 - januar 2023. Innsamlinga skal både samle fyrstehands flyktningehistorier og finne forteljarar som har evne og lyst til å delta på scena.
Alle intervju vil bli teksta til norsk
Bjørn Enes produserar 20 litterære tekstar med utgangspunkt i intervjuserien, som forslag til element i sceneproduksjonen.
Etter prosjektet vil heile samlinga av dokumenterte intervjuopptak og tekstar bli avlevert til Memoar/Norsk Folkeminnesamling.
Hovudprosjektet skal gå etter denne planen:
Regissør Vibeke Flesland Havre startar sitt arbeid for alvor i november med å gjere det endelege utvalet av kven av forteljarane som skal inviterast med vidare.
Dei blir invitert til ein serie forteljarverkstader i Litteraturhuset. Der deler desse forteljarane sine historier med kvarandre - gjerne fleire gonger i løpet av fem samlingar.
På grunnlag av intervjuserien og det som kjem fram på forteljarverkstadane, utviklar regissøren manus til sceneproduksjonen. Ambisjonen er at manus skal vere trespråkleg, publikum skal kunne klare seg både med uikrainask, russisk og norsk.
Januar - februar: Innøving og ferdigutvikling av sceneproduksjonen.
24. februar: Vi er i god dialog med samarbeidspartnarar om kor produksjonen skal setjast opp. Ambisjonen vår er at det skal vere plass nok til at mange kan markere denne dagen saman.
Finansiering
Dette er eit stort og viktig prosjekt - ikkje berre for ukrainske flyktningar i Bergen: Vi skal ikkje sove, når det er krig i Europa.
Finansieringssøknader er sendt. Dei vil dekke kostnadane dersom alle svar blir positive. Men konkurransen er hard - vi treng å kome i gang med arbeidet raskt, og vi kan ikkje risikere at vi må stoppe i halvgått løp. Derfor held vi fram finansieringsarbeidet heilt til vi er sikre på å få gjennomført.
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren! Vi ser straks på han, og alle seriøse kommentarar blir lagt ut :-)