Innlegg

Viser innlegg fra august, 2025

Munnleg historie og forteljekunst

Det eg har som poeng i den historia som nå kjem, er: Munnleg historie og munnleg forteljekunst er to ulike fagfelt. Det fyrste handlar om å samle inn , dokumentere, ordne og tilgjengeleggjere munnleg kjeldemateriale. Det andre handlar om  å formidle ut til publikum. Når forteljinga handlar om ein person som er nålevande eller som har etterlatt seg opptak av munnleg historie, er dei to fagfelta nært samanknytte.  Atttforteljing / gjenforteljing / ttilbakeforteljing kan dyrkast som ein sjanger innan forteljekunsten.  Mi fyrste erfaring med dette var så vakker, at eg aldri kjem til å gløyme henne. Eg hadde fått gjennomslag for idéen om eit eksperiment under “Fest i Fjaler” 2022, på Jakob Sande Senter for forteljekunst. Det gjekk ut på at eg skulle gjere eit munnleg historierintervju med Kjellaug Hatløy Bjergene, ein kjend og respektert lærar i bygda. Så skulle forteljekunstnar Johanne Tvedten og sceneinstruktør Aslak Moe lage ei forteljing med utgangspunkt i intervjuopptaket...